Gardshistorie

20150527_193046

Arasvik-garden ligg på sørsida av Ertvågøya. Det er den brattlendte vestsida av Vågåsbukta som har laga rom åt denne garden, med hus og bø i heitaste solbakken. Ein kan sjå det på husveggene at sola tek godt i Arasvik. Utmarka på garden strekkjer seg nordover, etter høgdedraget mellom «Stor-» eller «Krokvatnet» i vest og låglendet mellom Vågåsbukta av Foldfjorden i aust. Lauvskogen veks villig i bratta ovafor Arasvik-garden. Få stader finn ein så tett ein hatlskog som her. Neteplukkinga har difor spela ein rolle som attåtnæring for folket på garden, slik at herren i Arasvik eingong tykte han måtte ferda ut forbod mot tjuvplukking i skogen sin, med trugsmål som straff for syndarar. Meir å segja som inntektskjelde har nok hogging av bandstakar havt. Om vintrane vart desse stakana kløyvde og smia til tunneband, som buntvis vart selde til bøkkerane i byen, og det gav ikkje verst inntekt.

Arasvik har frå gamalt vori rekna til dei årvisse gardana med omsyn på kornavling. Hagebruk har langtidshevd på staden, og til sine tider har menn i Arasvik synt veg i den næringsgreina på Nordmøre. Vorpebruk og seinare laksnotdrift har lenge stått på årsprogrammet åt bønder i Arasvik. Garden rådde over vasskraft i Vågåselva, som dreiv både sag og kvern.

Av ulemper for gardsdrifta i Arasvik kan ein nemna at heimejordet delvis er i brattaste laget for rasjonelt jordbruk med moderne reidskap. Også gamaldags jordbruksdrift vart bremsa av bakkar. Om utmarka kan ein segja at lia ovafor garden delvis er så ugjengelig at skogsdrifta fell heller tungvint. Bumarka er ikkje førsteklasses, og markeslåtten fatigare her enn på andre gardar i bygda med same landskyldmål som Arasvik.

Totalinntrykket av Arasvik er lyst og varmt. Det er ein stad der ein gjerne kunne tenkt seg å bu sjølv.

Slik startar kapitlet i boka Gardtales i Valsøyfjord av Anders Todal, publisert i 1965. Landskapet har ikkje endra seg nevneverdig sidan sekstitalet, anna enn at det har grodd litt til og i dag ber preg av at gardsdrifta vart lagt ned og dyra for i 2003. No om sumrane beiter kyrne til naboen på ekrene, og iløpet av sumaren i år skal det plantast ny skog på utvalde felt.

Fyrste prioritet er no å få pussa opp kårleilegheit og huvudbygg. Medan det vert gjort, vert det og lagt planar for prosjekt på garden. Draumane er mange, tankane og ideane likeså.